Hopp til innhold

Har avhøyrd mange vitne

Politiet i Møre og Romsdal held fram med å etterforske hendinga laurdag 28. januar då ein mann mista livet. Mannen hadde tidlegare vore i ei leilegheit i Ålesund sentrum som no har fleire knuste ruter, og kva som skjedde då er ein del av etterforskinga politiet gjer.

Mannen hamna i eit basketak med to politibetjentar, og mista seinare livet. To politibetjentar som var på staden er mistenkte for svikt i tenesta som del av Spesialeininga for politisaker si etterforsking.

Frå tidspunktet politibetjentane kom til staden er det Spesialeininga som har ansvaret for saka, men Møre og Romsdal politidistrikt etterforskar det som hende med mannen fram til det tidspunktet.

– Vi har gjort fleire vitneavhøyr i saka. Eg kan ikkje gå inn på kva dei har forklart og kvifor dei vert sett på som vitne, men det er eit pågåande arbeid, seier Linn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ho seier politiet har gjort både kriminaltekniske undersøkingar på åstaden og i leilegheita. I tillegg har dei henta inn bilete frå overvakingskamera kring hendingsstaden, og at dei held på å gå gjennom dei no.

– Igjen, så oppmodar eg personar som har kjennskap til personen eller hendinga om å ta kontakt med politiet så vi får all den informasjonen vi treng, seier Erstad.

Ei dør som er forsegla av politiet. Nærbilete av hjørnet på ei kvit ytterdør og dørkarmen ikring. Ein knallraud teipbit med politiet sin logo og ordet "FORSEGLING" på er lagt over både døra og karmen nede. Muren kring døra ser vi sovidt, og den er sliten og gråbrun.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL