Hopp til innhold

Etterforskar åtte saker

Politiet jobbar med å etterforske åtte saker knytt til eit ungdomsmiljø i Ålesundsområdet. Til no har ein gut i tenåra blitt tiltalt for mellom anna vald og truslar mot andre ungdomar. Politiadvokat Magne Kvalvik utelukkar ikkje at det kan bli tatt ut fleire tiltalar.

– Desse åtte sakene er relatert til hendingar i april og mai. Til no har det resultert i ein tiltale. Sakene har vore prioritert hos politiet og blitt grundig etterforska. Desse skal vurderast av påtale. Det er for tidleg å seie kva vurderinga blir, men på generelt grunnlag kan eg seie at om påtalemakta vurderer sakene som alvorlege nok, så blir det tatt ut tiltaler, seier han.

Magne Kvalvik, politiadvokatt
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL