Hopp til innhold

Vedtok ny inntektsmodell

Styret i Helse Midt-Noreg vedtok i dag ei inntektsfordeling der faktiske, historiske kostnader og ein modell som viser behov for helsehjelp skal telje 50 prosent kvar.

Dette inneber at St. Olavs hospital får redusert inntektene sine med 201 millionar kroner årleg. Helse Møre og Romsdal får auka inntektene sine med 177 millionar kroner.

Dette skal innførast stegvis over ein periode på 3 år. I 2025 skal den nye fordelingsmodellen evaluerast og kome opp til ny behandling året etter.

Vedtaket blei støtta av alle representantane, men vedtaket var også eit kompromiss. Ein styrereprenstant ville sikre Helse Møre og Romsdal større inntekter. Ein annan ville sikre at St. Olavs hospital kunne behalde ein større del av inntektene sine.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL