Hopp til innhold

Vanskeleg etterforsking

Politiet har framleis ikkje funne tydelege svar på korleis det tok til å brenne i ein flyktningbustad på Åndalsnes 1. oktober. Ein mann i 20-åra frå Rauma er sikta etter brann- og eksplosjonsvernlova, fordi politiet meiner han har hatt noko med brannen å gjere. Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen seier dei no ventar at ein rapport frå brannsakkunnig vil gi fleire svar. Rapporten er venta i januar.

Flere leiligheter brenner i Åndalsnes i Rauma kommune
Foto: Eva Kavli