Hopp til innhold

Ombygging kan gi forseinkingar

Første veka i september startar rivinga av ytste delen av piren på ferjekaia i Seivika. Då blir kaia i ein periode berre halve ferja si lengde, som gjer at ho ikkje kan ligge der om natta, slik ned brukar. Sidan det også er ombygging av kaia i Tømmervågen, må ferja gå til Kristiansund om natta.

Det kan medføre kansellerte avgangar morgon og kveld, seier byggeleiar Ole Kristian Remkall.

Ombygging av kaia i Seivika
Foto: Ole Kristian Remkall/Møre og Romsdal fylkeskommune