NRK Meny

Seivika - Tømmervåg

  • Rute 50

    Fjord1 melder at A-ruta sine avgangar i rute 50, Seivika - Tømmervåg er innstilde inntil vidare. Først blei avgangen klokka 08 innstilt. Årsaka er tekniske problem.

    Seivika
    Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK
  • Innfører tiltak på Seivika-Tømmervå

    Under spelet «Fru Guri av Edøy» 13.-16. juli vil det ikkje bli prioritert farleg last på avgangane knytt til førestillingane. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har gått ut med ei oppfordring til transportørar av farleg last (gass) på ferjesambandet Seivika-Tømmervåg. Frå og med 17. juli skal transport av farleg last på kvardagar berre bli prioritert på avgangane til B-ferja. På laurdagar vil ikkje farleg last bli prioritert på avgangar frå Seivika etter klokka 10.30 og frå Tømmervåg før kl. 12.30. På søndagar vil farleg last bare berre bli prioritert på avgangar med B-ferja.

    Gassproblem på ferge
    Foto: Eirik Haukenes / NRK