Hopp til innhold

Skal samarbeide om nynorsk på nett

Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon går saman om meir nynorsk leksikoninnhald på nettet frå 2021. Det skriv dei i ei pressemelding. Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir integrert i Store norske leksikon. – Avtalen gjer at fleire lesarar får tilgang til viktig innhald på nynorsk og om nynorsk kulturhistorie, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum (til høgre i bildet). Sidan 2008 har Nynorsk kultursentrum, i lag med ulike samarbeidspartar, arbeidd med å byggje eit allment nynorsk oppslagsverk til bruk i skule, studium og fritid. – Det er ressurskrevjande å konkurrere. Derfor vel vi i staden å gå i lag med ein større aktør som når fleire lesarar i same målgrupper som oss, for at innhaldet skal nå fleire, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Direktør Per Magnus F. Sandsmark, Nynorsk kultursentrum og Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum
Foto: Sunniva Lund Osdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL