Hopp til innhold

Nynorsk

  • Sophie Elise får nynorskpris

    Noregs Mållag hedrer influenser Sophie Elise med Målblome for hennes innsats for å skape leseglede på nynorsk.

    – Jeg elsker å lese nynorsk, sa Sophie Elise til sine Snapchat-følgere i høst. I hånden hadde hun boken «Odelsskam», som er skrevet av Vårt Land-journalist Maria Lavik og gitt ut på nynorsk-forlaget Samlaget.

    Med den setningen mener Mållaget at hun som en av Norges største influensere normaliserte det mange ungdommer fniser av eller tar avstand fra.

    – Hun har gjort det enklere for unge nynorskbrukere å være stolte over eget språk, eller vekke interesse hos unge bokmålsbrukere, sier Peder Lofnes Hauge, leder i Noregs Mållag.

    (NTB)

  • Fleire blir med i Noregs Mållag

    For første gong sidan 1985 har Noregs Mållag 16.000 medlemmar, viser ei teljing organisasjonen har gjort i dag 12. desember.

    I fjor fekk dei ei rekke nye medlemmar etter at Jon Fosse blei tildelt Nobelprisen i litteratur. I år har medlemstalet halde fram med å gå opp i alle fylkeslaga.

    I 2004 var det rundt 10.000 medlemmar i Mållaget, og dei siste fem åra har dei blitt 2500 fleire.

    – Dette medlemstalet vitnar om at nynorsksaka er viktig for veldig mange i 2024, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

  • Fekk pris for å ha vore ambassadør for nynorsk

    Gunnar Skirbekk får Austmannaprisen for å ha vore ein ambassadør for nynorsk gjennom ein mannsalder. Det skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

    – Gunnar Skirbekk har gjort eit framifrå arbeid for det nynorske språket i tale og skrift i både vitskapeleg arbeid og i det offentlege ordskiftet.

    Det sa leiar i Austmannalaget Helen Johannesen då prisen blei annonsert på Noregs Mållag sitt haustseminar i Elverum i oktober. Måndag 11. november kunne ho endeleg overrekkje Skirbekk diplom og måleri i Bergen.

    Gunnar Skirbekk er fødd på Hamar, men har lenge budd i Bergen der han arbeidde som professor ved Filosofisk institutt på Universitetet i Bergen.

    Austmannalaget er Noregs Mållag sitt fylkeslag i Innlandet. Austmannalaget fyller i år 125 år, og farfaren til Gunnar Skirbekk var med å skipe laget i 1899. Far til Gunnar, Håvard Skirbekk, gav ut Årsbok for Glåmdalen i vel 40 år, med Austmannalaget som utgjevar.

    Frå venstre: leiar i Austmannalaget, Helen Johannesen, Gunnar Skirbekk og leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
    Foto: Noregs Mållag
  • Stadig færre elevar har nynorsk som hovudmål

    72.498 grunnskuleelevar rundt om i landet hadde nynorsk som hovudmål i fjor, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

    Det er nedgang på 0,8 prosent frå året før og del av ein lang og jamn nedgåande trend gjennom mange år, ifølgje oversikta til SSB.

    Vestland og Møre og Romsdal er fylka der flest grunnskuleelevar skriv nynorsk. 47,9 prosent har nynorsk som hovudmål, medan Rogaland kjem på plassen etter med 21,7 prosent.

    I Oslo, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark er det nokre få nynorskelevar. 99 prosent av elevane i desse fylka har bokmål som hovudmål.

    (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no