Hopp til innhold

Truar med tvangsmulkt

Arbeidstilsynet truar Volda kommune med tvangsmulkt etter at ein tilsett i blei stukken med eit skrujern då han var på jobb i starten av juni. Det skriv Møre-Nytt. Etter angrepet meinte Arbeidstilsynet at kommunen hadde brote arbeidsmiljølova i oppfølginga etter ulykka, og bad dei om å mellom anna gjennomføre ei kartlegging og ei risikoanalyse, i tillegg til å oppgi kva tiltak dei skal gjere. Arbeidstilsynet har gitt Volda kommune frist til fredag med å kome med ein plan for korleis ein skal unngå liknande angrep, men dei har så langt ikkje fått ei tilbakemelding frå kommunen, skriv avisa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL