Stakk tilsett med skrujern

  • Påstand om mildast mogleg straff

    Advokaten til mannen som er tiltalt for drapsforsøk i Volda, Jørund Stig Knardal, ber om at mannen blir dømd på mildaste måte. Den tiltalte sjølv har motsett seg tvunge psykisk helsevern. Advokaten til han som blei stukken med skrujarn, har bedt om erstatning - og Knardal ber retten avgjere kor mykje det skal vere.

  • Ber om psykisk helsevern

    Aktor, Ingvild Thorn Nordheim, ber retten om at den tiltalte mannen i 30-åra i Volda blir overført til tvunge psykisk helsevern. Mannen har vedgått at han forsøkte å drepe ein miljøarbeidar med skujarn i sommar. Nordheim meiner det er stor gjentakingsfare og at mannen difor må ha tvungen behandling. Kort tid før drapsforsøket konluderte retten med at det ikkje var nærliggande fare for at mannen villle gjere nye alvorlege brotsverk. Han blei difor ikkje underlagt tvunge psykisk helsevern.

    Statsadvokat Ingvild Nordheim i retten i forbindelse med saken mot personen som er tiltalt for drapsforsøk på en miljøarbeider i Volda kommune.
    Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK
  • Vedgjekk straffskuld

    Det er i dag venta påstandar i saka mot mannen som er tiltalt for drapsforsøk mot ein miljøarbeidar i Volda. I ein kort periode i går melde NRK feilaktig at mannen nekta straffskuld. Det korrekte er at han vedgjekk straffskuld. Rettsaka i Søre Sunnmøre tingrett blir overført på videolink, og dårleg lyd gjorde det vanskeleg å oppfatta kva som blei sagt. Misforståinga blei retta etter kort tid.

  • Skal ha høyrt stemmer før drapet

    Den tiltalte mannen i Volda som er tiltalt for drapsforsøk skal ha høyrt stemmer i hovudet som ba han drepe. Det forklarte dei rettssakkunnige i retten i dag. Mannen skal ha fortalt om desse stemmene til fleire andre. Til dei rettssakskunnige skal han sjølv ha forklart at høyrer stemmer store deler av dagen. Aktor vil at mannen skal dømmast til tvunge psykisk helsevern.