Hopp til innhold

– Skal halde følge med Bodø/Glimt

Molde var suverene og vann 5-0 i gårsdagens eliteseriekamp mot Start. Spissen Ohi Omoijuanfo erstatta ein sjuk Leke James på spissplass og tok ansvar for å få Molde tilbake på vinnarsporet etter tapet i Sandefjord laurdag. Omoijuanfo starta målfesten med to straffemål i starten av kampen. – Det var to viktige mål. Når ein leier 2-0 så tidleg i kampen så blir det ei heilt anna ro i laget, seier han. Med sigeren i går kan Molde igjen legge press på serieleiar Bodø/Glimt. Omoijuanfo er trygg på at nordlendingane skal merke at Molde pustar dei i nakken utover sesongen.

Eliteserien fotball 2020, Molde - Start.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL