Hopp til innhold

Meiner det er behov for tiltak

Kystverket meiner at det er behov for ekstra sikkerheitstiltak for cruisetrafikk på vinterstid. I overkant av 1300 menneske var om bord i «Viking Sky» då cruiseskipet fekk motorstans i full storm over det farlege havstykket Hustadvika i mars 2019. – Hendinga med «Viking Sky» viste tydeleg kva konsekvensar eit cruisehavari langs norskekysten kan få, skriv dei i ei pressemelding. Der viser dei også til ein rekke tiltak som dei meiner er nødvendige for å betre sikkerheita, mellom anna krav til risikoanalyse og utvida rapporteringssystem.

Viking Sky
Foto: Åse Grete Farstad

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL