Hopp til innhold

Samla i Kristiansund

Landslaget i bryting kan no byrje å trene i lag igjen. Koronasituasjonen har gjort at brytarane har måtte trent alternativt den siste tida. No er dei samla i Kristiansund fram til 19. juni for å trene i Braatthallen. I dag var også smittevernlegane på plass for å gå gjennom rutinane som trengst for reinhald og treninga. På bildet ser ein kristiansundar Felix Baldauf og Nikola Milatovic i aksjon.

Felix Baldauf og Nikola Milatovic i Kristiansund
Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL