Hopp til innhold

Votering er utsett

Stortinget kjem ikkje til å stemme i kveld over å behalde fødeavdelinga i Kristiansund også etter at det nye fellessjukehuset står klart. Ifylgje Tidens Krav skjer voteringa først på torsdag. Det er Framstegspartiet, Senterpartiet og SV som har fremma forslaget, men dei er avhengig av støtte frå Arbeidarpartiet. Ap seier at dei ynskjer at fødeavdelinga skal bestå berre fram til nytt sjukehus på Hjelset er på plass. Bunadsgeriljaen har i dag hatt markering framfor Stortinget. Dei kjempar for å bevare fødetilbodet.

Bunadsgeriljaen med markering framfor Stortinget 12. mai
Foto: NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL