Hopp til innhold

Vil ikkje kommentere saka

Politiet lokalt vil ikkje kommentere saka etter å ha fått eit gebyr på 849 000 kroner.

Møre og Romsdal politidistrikt har kjøpt tolketenester for 6,5 millionar dei siste tre åra utan å lyse kontrakten ut på anbod.

Klagenemnda for offentlege innkjøp omtalar det som eit grovt lovbrot, mellom anna fordi det har gått føre seg over lang tid.

Politiet sentralt sa i går at dei er usamde i lovforståinga, men at dei kjem til å rette seg etter vedtaket.