Hopp til innhold

Meiner turistskatt er nødvendig

I dag er det høyring om turistskatt i næringskomiteen på Stortinget. Fem representantar frå SV ber regjeringa greie ut alternative modellar for turistskatt med mål om å innføre skatten i statsbudsjettet for neste år. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp), meiner ein turistskatt er heilt nødvendig for Geiranger. – Vi treng å få ei avklaring. I dag er det ein rekke turist- og reisemål som slit og som aleine ikkje kan ta ansvar for den belastinga som masseturismen påfører oss, seier Tryggestad.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, i Hellesylt
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKe

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL