Hopp til innhold

Skal hente ut meir gass

Trass i at to tredeler av gassen på Ormen Lange-feltet er henta ut, skal Shell installere ny teknologi for å hente ut den siste gassen i reservoaret. Dette gir nye milliardinntekter frå gassfeltet i Norskehavet via landanlegget på Aukra og blir ein av dei største utbyggingane i landet. Teknologien har vore prøvd ut på så store djup så langt ute i havet. Forretningsutviklar Lars Gjerdaker i Shell seier Ormen Lange-feltet framleis har ei lang og svært lønsam tid når dei går inn i tredje fase.

Flyfoto av Nyhamna i Aukra
Foto: Svein Roger Ivarsen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL