Hopp til innhold

Likar ikkje kuttplanar

Entreprenørforeininga for bygg og anlegg (EBA) i Møre og Romsdal liker ikkje planane om å kutte opplæringa i yrkesfag ved dei vidaregåande skulane. Fylkeskommunen skal spare 112 millionar kroner neste år, og ein rekke fagtilbod i den vidaregåande skulen er foreslått nedlagt. Leiar i EBA, Eskild Rødsand, seier at bedriftene treng kompetansen. – Bransjen vår og industrien treng fagarbeidarar. Vi er veldig opptatt av at utdanning må vere i nær der folk bur. Så ein er nøydd til å sjå på andre måtar å kutte.

Byggebransjen
Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL