Overlast på 9,5 tonn
Eit vogntog blei stoppa i kontroll i Romsdalen i Rauma. Sjåføren fekk bot på 82.000 for 9,5 tonn overlast på ein aksel, opplyser Vegvesenet. Dei avdekka også eit alvorleg brot på køyre- og kviletid, samt feil på bremsar. Vogntoget fekk òg bruksforbod.