Hopp til innhold

Frukost for vidaregåande

Alle elevane i den vidaregåande skulen i fylket bør få tilbod om gratis frukost, foreslår Arbeidarpartiet i sitt valprogram. Fylkesordførarkandidat Tove Lise Torve meiner det vil svare seg å satse på sunn mat i skulen, og at dette bidrar til god læring. Partiet har ikkje rekna på kva dette kostar, men viser til Hedmark som har brukt eit par millionar kroner på ein enkel frukost.

Sunn frokost med frukt og bær.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL