Hopp til innhold

Mange til sjømatmesse i Brussel

I dag startar ei av verdas største sjømatmesser i Brussel. Av 77 norske bedrifter som er med, kjem heile 23 frå Møre og Romsdal. Fiskeriminister Harald Nesvik er stolt over dette og seier at det tyder på at regionen har ei framoverlent næring. – Veldig mange av våre bedrifter har eit fokus på eksport. Dette er bedrifter som har eit stort kontaktnett som møter kundane der dei er, seier Nesvik.

Harald Nesvik
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet