Hopp til innhold

Følgjer situasjonen tett

Kommunen og Kystverket følgjer med på situasjonen til lasteskipet som fekk problem ved Hustadvika laurdag kveld. Skipet er no ankra fast, men det kan vere ein fare for oljelekkasje dersom skipet hamnar på grunn. – Vi har heile tida ei vurdering av situasjonen, seier Jan Ove Dyrnes, fungerande ordførar i Fræna. Hovudredningssentralen opplyser at det på dette tidspunktet ikkje er fare for at lasteskipet skal slite seg.