Hopp til innhold

Heimdal ny prosjektdirektør

Knut Ragnar Heimdal frå WSP Norge AS blir prosjektdirektør og får det overordna ansvaret for det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Det skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding. WSP Norge AS har fått i oppgåve å delta i den vidare utviklinga av sjukehuset. I mars eller april blir det lyst ut ny konkurranse om kva entreprenør som skal bygge sjukehuset. Den førre konkurransen vart stoppa i juni i fjor.

Knut Ragnar Heimdal
Foto: Pressefoto

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL