Hopp til innhold

Mann frikjent i tingretten

Ein mann frå Sunnmøre er frikjent for å ha utvist seksuelt krenkande åtferd mot eit barn under 16 år, og for å ha avtalt å ha sex med vedkomande. Mannen i starten i 40-åra skal ha chatta og utveksla bilde med ei jente han trudde var 18 på Snapchat. Dei to avtalte etter kvart å møtast for å bli betre kjent og ha sex. Då dei to møttest, innsåg mannen at ho ikkje kunne vere 18 og han drog frå staden. Retten meiner at mannen ikkje kan ha visst at jenta var 14 år. Mannen slepp også å betale erstatning til jenta.