Seks fartøy får pengestøtte
Dei verneverdige fartøya Rapp, Thorolf, Norden, Hindholmen, Bilfergen og Slukk får til saman 875.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune til vedlikehald og istandsetting. Dette er fjerde gong fylkeskommunen køyrer denne ordninga i samarbeid med Riksantikvaren. – Fartøya som får støtte, er allereie verna, og har eit godt støtteapparat ikring seg. Samstundes er det viktig at tiltaka for å sette i stand fartøya er realistiske og kan gjennomførast, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.