Hopp til innhold
Kristiansund symfoniorkester 100 år
Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Kunst og kultur i Møre og Romsdal

  • Gjev pris til moldejente

    Emma Berild Engel (16) frå Molde har fått Riis-prisen 2023 saman med to andre. Riis-prisen er ein nasjonal pris for å synleggjere bildekunst som er laga av ungdom i alderen 13–18 år. Prisen er på 15.000 kroner, samt oppfølging frå bildekunstnar Kjell Erik Killi-Olsen. Emma Berild Engel vann prisen for bildet «Jordskjelv».

    Vinnarbildet "Jordskjelv" av Emma Berild Engel (16) frå Molde.
    Foto: Kulturskolerådet
  • Jazzlogen får fylkeskulturprisen

    Jazzlogen i Molde får årets kulturpris for 2023 som Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut. Det har kultur- og folkehelseutvalget i fylket bestemt.

    Jazzlogen har vært drevet av Molde Janitsjar i 25 år, og er et samarbeidsprosjekt mellom Molde Janitsjar, Ytre Suløens Jass-ensemble og Moldejazz.

    – Jazzlogen har rekruttert unge fra jazz- og musikkmiljøet i Møre og Romsdal gjennom flere tiår, sier leder i utvalget Jessica Gärtner fra Høyre.

    Fylkeskulturprisen blir delt ut under åpninga av fylkestinget 11.desember.

    Jazzlogen i Molde får fylkeskulturprisen for 2023 som Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut.
    Foto: Gunn Randi Seime/Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Pengedryss til kultur

    Dei profesjonell kulturinstitusjonane Operaen i Kristiansund, Romsdalsmuseet, Teatret Vårt og Viti er løyvd til saman 1.875.000 kroner i eingongstilskot.

    Det skriver Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider. Vedtaket i kultur- og folkehelseutvalet var einstemmig.

    Dei som får tilskota, er fire av dei profesjonelle kulturinstitusjonane namngitt i statsbudsjettet, som det er knytt ein tredelt finansieringsnøkkel til.

    Mellom anna får stiftinga Romsdalsmuseet 750.000 kroner i eingongstilskot til overtaking av Kavli Moen gard.

  • Heilag Olav er frå Sunndalsøra

    Nils Golberg Mulvik frå Sunndal skal spele kong Olav Haraldsson i det tradisjonsrike Spelet om Heilag Olav på Stiklestad til sommaren.

    44-åringen har i fleire år spelt hovedrulla i Lady Arbuthnott, og har siste åra blitt lagt merke til i rolla som Peer i Peer Gynt i Fjæreheia i Grimstad.

    Den kunstnariske leiinga meiner Mulvik har alle kvalitetar til å spele kongen, og har mykje erfaring med å spele på store utandørsscener.

    Mulvik sjølv ser fram til å oppleve "alle spels mor".

    Skodespelar Nils Golberg Mulvik fra Sunndal
    Foto: Øyvind Malum / SNK
Direkterapport frå 50-års jubileet til Teatret Vårt i Molde.
Kontorfellesskap, der ein kan leige ein arbeidsplass, blir stadig meir populært. I Ålesund har kreative sjeler skapt sitt eige fellesskap.
Fulgevokteren, kunst