Hopp til innhold

Ulstein vil satse på innovasjon

Ulstein kommune vil satse endå meir på innovasjon og over helga skal formannskapet ta stilling til om kommunen skal søke om medlemskap i det nasjonale kompetansesenteret NCE Ikuben i Molde. På sikt er målet å få etablert ein innovasjonslab i Ulstein.Ordførar Knut Erik Engh seier til NRK at dei vil samarbeide tett med både Ulstein vidaregåande skule, Høgskulen i Volda og næringslivet. Frå før er det berre Molde som er med av kommunane i NCE Ikuben.

Knut Erik Engh
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL