Hopp til innhold

Ferdig som Hødd-trenar

Sindre Eid gir seg som trenar i Hødd. Han skal framleis jobbe som marknadssjef i klubben, i tillegg til andre oppgåver innan sport og klubbutvikling. Eid har vore hovudtrenar for a-laget i periodane 2014–2015 og 2017–2018, i tillegg til hjelpetrenar mellom 2010 og 2013. Det har vore ein uroleg vinter for Hødd. Både dagleg leiar Oddmund Otterlei og sportsleg leiar André Nevstad har sagt opp sine stillingar. Det er Jesper Törnqvist, Sander Håskjold Nyland og Frode Gjerde som skal leie Hødd sine treningar framover. Eid har fast stilling i klubben som marknadssjef i tillegg til trenarjobben. Han skal halde fram i stillinga som marknadssjef og vil også få andre viktige oppgåver innanfor sport og klubbutvikling, melder klubben. Ifølgje Vikebladet.no ønska Eid å halde fram som trenar for Hødd, men fekk tilbakemelding frå styret at klubben ikkje kunne skrive ei forlenging med Eid på noverande tidspunkt.

Sindre Eid
Foto: Hans-Olav Landsverk

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL