Hopp til innhold

Ser lyst på framtida

Knut Sjømæling (Sp) ønskjer å halde fram som ordførar i Gjemnes. Sjømæling, som har to periodar bak seg som ordførar i kommunen, ville vente på utfallet av grensejusteringssaka før han tok stilling til attval. Han trur det blir lettare å planlegge for dei neste fire åra, etter at søknaden frå Angvik bygdelag om å få flytte til Molde blei avvist av Kommunaldepartementet. Sjømæling meiner Gjemnes no er inne i ei positiv utvikling. – Det er mykje bra som skjer i Gjemnes for tida og eg håper mellom anna at folketalsutviklinga vil halde fram. No håper eg vi får tid til å samle troppane som organisasjon og kommune, seier han.

Knut Sjømæling
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL