Hopp til innhold

Har konfiskert tatoveringsutstyr

Den unge mannen som er mistenkt for å ha tatovert ungdom i Hareid og Ulstein på offentlege toalett og venterom er enno ikkje avhøyrt. Lensmann Hans-Eirik Pettersen seier at dei har sikra seg utstyret som vart brukt. Det har ikkje dukka opp fleire tilfelle enn dei sju politiet fekk melding om førre veke.