Hopp til innhold

Politiet åtvarar: Ungdommar blir tatoverte på offentlege toalett

Sju ungdommar i Hareid og Ulstein på Sunnmøre skal ha blitt tatoverte på offentlege toalett og venterom. – Dette er strengt ulovleg, seier politiet.

Hareid sentrum

I Hareid (biletet) og Ulstein oppdaga foreldre at borna deira hadde blitt tatovert av ein ung mann på venterom og toalett. Tatoveringane er små symbol og ifylgje politiet er dei ikkje kunstnerisk utførte.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Det er ein ung mann med tatoveringsutstyr som skal ha tatovert ungdommane, skriv Vikebladet Vestposten (krev innlogging). Lensmannskontoret vart varsla av foreldre til mindreårige barn, som oppdaga at dei hadde tatoveringar på kroppen. Saka er no meldt til politiet.

– Dette har skjedd på dei mest utrulege plassar, som til dømes offentlege toalett og venterom, fortel lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen til avisa.

Hans-Eirik Pettersen

Lensmann Hans-Eirik Pettersen går no ut og åtvarar ungdommar mot å tatovere seg med denne privatpersonen. – Det er streng ulovleg, seier Pettersen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Toalett ikkje eigna plass

Lensmannen seier til NRK at toalett og venterom slett ikkje er eigna til å drive tatovering. Han har derfor kontakta kommunelegen.

– Det er strenge krav til denne type verksemd. Når det først har skjedd, er det fare for smitte og sjukdomar, seier Pettersen.

Fungerande kommuneoverlege i Ulstein, Norunn Kirkebø Elde, seier til Vikebladet Vestposten at det kan oppstå virusinfeksjonar som hepatitt og herpes dersom nålene ikkje er reine. Ein kan også få allergiske reaksjonar, arrdanningar og hudinfeksjonar av tatovering.

Det finst inga nedre aldersgrense for å tatovere seg i Noreg, men det vert sett strenge krav til dei som driv med tatovering. Lokala skal vere godkjende, for å hindre overføring av smittsame sjukdomar.

– Sjokkerande

Remi Sølvberg

Remi Sølvberg er styreleiar i Norsk Tattoo Union. Hans organisasjon har meldt bekymringar om heimetatoveringar både til politi og kommunelege. – Før var det vanskeleg å få tak i tatoveringsutstyr, men i dag er det berre eit tastetrykk unna. Det er skummelt, seier Sølvberg.

Foto: Privat

Remi Sølvberg, styreleiar i Norsk Tattoo Union, meiner det som har skjedd på Søre Sunnmøre er svært farleg.

– Det er sjokkerande at ungdommane har blitt tatovert på eit toalett. Der er det ein heilt anna bakterieflora enn på eit guterom, seier Sølvberg.

Han kjenner til at det skjer heimetatoveringar og trur ikkje folk er klar over kor stor smittefaren er. Å vere tatovør er ingen beskytta tittel når det gjeld det kunstneriske, men hygienekrava er strenge.

– Vi har rutinar for bruk av hanskar, sterilisering av utstyr og reine soner. Enkelte typar bakteriar kan overleve utanfor kroppen, og difor er god hygiene svært viktig, seier Sølvberg.

Han seier at det har skjedd dødsfall i samband med tatoveringar.

Ungdommane reagerer

Også mange lokale ungdommar reagerer på at ein person tilbyr seg å tatovere så unge personar.

Anders Pilskog

Anders Pilskog.

Foto: Privat

– Eg hadde ikkje høyrt om dette før eg las det i avisa, men dette er eg sterkt imot. Det bør ikkje berre vere slik at ungdommar kan ta ei tatovering når ein vil, seier Anders Pilskog, elevrådsleiar ved Hareid ungdomsskule, til NRK.

Pilskog får støtte frå leiar i ungdomsrådet i Hareid, Benjamin Riise Erdal.

Benjamin Riise Erdal

Benjamin Riise Erdal.

Foto: Privat

– Men vi får dessverre ikkje gjort så mykje anna enn å seie frå til dei som vurderer å ta desse tatoveringane. Vi meiner ein bør vente til ein eller 16 eller 18 år med å ta tatovering. Vi oppfordrar til å tatoveringar i godkjende lokale med godkjent tatovør, seier Erdal.

Mannen som står bak tatoveringane på Sunnmøre er enno ikkje avhøyrt av politiet.