Hopp til innhold

Støttar ikkje Strømskag

Tidlegare i dag bad overlege Kjell Erik Strømskag om at Espen Remme trekkjer seg som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal. Men Strømskag har ikkje støtte blant dei andre overlegane om dette synspunktet, fortel føretakstillitsvalt for overlegane, John Kristian Høye. – Eg veit ikkje om Strømskag uttalar seg på vegner av seg sjølv eller fleire, men dette er ikkje noko overlegane i fylket kan stille seg bak. Det er heilt nødvendig med nedskjeringar for å kome vidare i denne prosessen, og dette er ikkje tidspunktet for å vise mistillit til direktøren, skriv Høye i ein SMS til NRK.

John Kristian Høye
Foto: Terje Reite / NRK