Hopp til innhold

Ber Remme trekke seg

Overlege Kjell Erik Strømskag (biletet) ber administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, om å trekke seg frå stillinga. – Det er til det beste for Helse Møre og Romsdal og sikkert til det beste for deg sjølv også, skriv Strømskag i ein mail sendt til media søndag ettermiddag. Sidan Remme vart direktør i 2015 har han gjort fleire uheldige grep, ifølgje Strømskag. Han viser mellom anna til mislykka tiltak med å forbetre økonomien til helseføretaket. Dessutan meiner han avstanden mellom leiinga og dei tilsette har blitt større. Nyleg vart det kjent at Helse Møre og Romsdal må kutte 200 årsverk grunna den dårlege økonomiske situasjonen.

Kjell Erik Strømskag
Foto: Ann Eli Nøsen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL