Hopp til innhold

Vil ha meir kulturturisme

I dag var det avspark for ei stor satsing for å auke kultur-turismen i Møre og Romsdal. I kalkgruvene i Eide var fokuset å gjere gamle ferdselsårer til nye turiststiar. Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef i Møre og Romsdal, meiner det er viktig å spreie kunnskapen om kulturskattane våre. – Vi må både ha fokus på kulturminna våre og får restaurert og skilta dei, samtidig som vi bygger dette opp steg for steg slik at det blir eit produkt som reiselivet på sikt kan bringe vidare, seier ho.

Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef i Møre og Romsdal,
Foto: Roar Halten / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL