Hopp til innhold

Saka går i februar

Ankesaka mot den valdtektstiltala Molde-spelaren er fastsett til 14. februar i Molde. Det opplyser John Christian Elden til NRK. Han er advokat til to av kvinnene som meiner dei er valdtekne av Molde-spelaren. Spelaren vart frikjent for valdtekt i august, men samtidig måtte han betale ei erstatning på 150.000 kroner til kvinna. Til saka i februar kan spelaren ha tre valdtektspåstandar mot seg. Øyvind Panzer Iversen har vore spelaren sin advokat, men opplyser til NRK i dag at han skal begynne som dommar frå årsskiftet. Mette Yvonne Larsen (biletet) er ny advokat til Molde-spelaren.

Mette Yvonne Larsen i Drammen tingrett
Foto: Gjermund Midtbø / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL