Molde FK
Foto: Arne Flatin / NRK

Rettssak mot tidlegare MFK-spelar

Oppsummert

Ein tidlegare eliteseriespelar i Molde FK er tiltalt for sove-valdtekt etter ein bytur i 2017.

  • Utsett i 8 månader

    Ankesaka mot den tidlegare Molde-spelaren som er tiltalt for sovevaldtekt er utsett i åtte månader, skriv Nettavisen. Rettssaka blei utsett då eit av vitna ikkje møte då saka skulle starte. Saka er no fastsett til 1. oktober. John Christian Elden, som er bistandsadvokat for den fornærma i saka, reagerer på den lange ventetida.

  • Beklagar utsetjing

    Rettssaka mot den tidlegare Molde-spelaren blei utsett mot spelaren sin vilje, opplyser advokaten til spelaren i ei pressemelding. Saka skulle ha starta torsdag, men er utsett fordi eit sentralt vitne ikkje vil møte. Den tiltalte fotballspelaren beklagar sterkt at saka er utsett og at han må gjere vendereis etter å ha planlagt å kome til Noreg tidleg onsdag formiddag. Han meiner at saka burde ha vore behandla utan det aktuelle vitnet. Saka er no utsett på ubestemt tid. Spelaren er tiltalt for sovevaldtekt.

  • Anmelder for falsk forklaring

    En tidligere Molde-spiller anmelder det han mener er falske anklager. Det melder TV 2 onsdag. Spilleren ble i august frikjent for voldtekt i tingretten, men ble dømt til å betale 150.000 kroner i erstatning til den fornærmede kvinnen. Statsadvokaten anket frifinnelsen, og saken skal opp i lagmannsretten 14. februar. Siden det ble kjent at voldtektssaken skulle opp for retten i fjor sommer, har det kommet to nye anmeldelser mot spilleren. Den ene ble levert i juni og ble henlagt noen måneder senere, den andre ble levert i desember. Det er kvinnene bak disse anklagene som nå selv blir anmeldt av spilleren.

  • Saka går i februar

    Ankesaka mot den valdtektstiltala Molde-spelaren er fastsett til 14. februar i Molde. Det opplyser John Christian Elden til NRK. Han er advokat til to av kvinnene som meiner dei er valdtekne av Molde-spelaren. Spelaren vart frikjent for valdtekt i august, men samtidig måtte han betale ei erstatning på 150.000 kroner til kvinna. Til saka i februar kan spelaren ha tre valdtektspåstandar mot seg. Øyvind Panzer Iversen har vore spelaren sin advokat, men opplyser til NRK i dag at han skal begynne som dommar frå årsskiftet. Mette Yvonne Larsen (biletet) er ny advokat til Molde-spelaren.

    Mette Yvonne Larsen i Drammen tingrett
    Foto: Gjermund Midtbø / NRK