Hopp til innhold

To kjempar om å bygge sjukehus

Betonmasthæhre AS og Skanska AS har levert tilbod for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset innan fristen kl. 12.00 fredag. – Vi er særs glad for å ha motteke tilbod frå to solide nasjonale entreprenørar som er innstilt på å vinne kontrakten, seier prosjektdirektør Helle Jensen. Ho seier at om alt går etter planen, så vil dei innstille ein vinnar 29. juni. – Vi vil deretter inngå kontrakt og starte samhandlingsfasen og planlegginga fram mot byggestart i november 2018, seier ho.

Illustrasjon av sjukehuset for Nordmøre og Romsdal
Foto: Helse Møre og Romsdal