Hopp til innhold

Fryktar for nye rovdyrangrep

Norddal kommune ber om hjelp frå Miljødirektoratet etter at det ikkje blei felt jerv under jakta i februar. Bøndene i Eidsdal er fortvilte over at dei ikkje klarer å redusere talet på jerv, som har tatt mykje sau dei siste åra. Nokre har slutta med sau, medan andre planlegg avvikling, seier næringssjef Toralv Klokkehaug. Miljødirektoratet vurderer behovet for å ta ut jerveynglingar fortløpande, men vektlegg at det i år er færre ynglingar enn i fjor, noko som gjer at lista for slike uttak er høgare enn tidlegare.

Sau angrepet av jerv i Norddal
Foto: Bjørn Helge Rønneberg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL