Hopp til innhold

Ber om minst fem års fengsel

Aktor har lagt ned påstand om fem og eit halvt år fengsel for to av dei tiltalte i ei valdtektssak på Søre Sunnmøre. For den tredje tiltalte er påstanden fem år og tre månader i fengsel. Det skriv Sunnmørsposten. Dei tre austeuropeiske mennene er tiltalte for å ha overfalle og valdtatt ei kvinne på Søre Sunnmøre i fjor sommar. Rettsaka mot dei tre starta forrige veke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL