Ekspropriasjon
Kommunen har varsla at den vil ekspropriere eller beslaglegge slakte- og fileteringsfabrikken på Aukra om ikkje Pan Fish sel anlegget til dei tilsette.
Ordførar Aud Mork seier dei 76 arbeidsplassane er så viktige at kommunen må ta i bruk alle verkemiddel.
Tørlen meiner politikarane på Aukra har gått alt for langt, men fryktar ikkje at dei kan presse gjennom eit tvangssal.
Arbeidsplassar
Politikarane i Aukra er villige til å gå langt for å redde arbeidsplassane ved Pan Fish sitt anlegg. Dei som miste jobben då Pan Fish flytta verksemda, har lagt inn bod på anlegget, men bodet er for lavt meiner Pan Fish.
Difor har politikarane i Aukra no varsla om at dei vil bruke eksprproasjon for å få kjøpt anlegget. Det er å gå for langt meiner Tørlen.
Rettssak
Det er ikkje berre politikarane på Aukra som varslar kamp mot Pan Fish og styreleiar Tørlen. I går vart det klart at dei tilsette går til rettssak mot sin tidlegare arbeidsgivar, men Øyvind Tørlen vil førebels ikkje kommentere dette søksmålet.