Hopp til innhold

- Stort for norsk fotball om vi slår Alkmaar

Kjetil Rekdal meiner Aalesund kan ha god sjanse til å slå nederlandske Alkmaar i kvalifiseringa til Europaligaen i morgon. Men å slå Alkmaar samanlagt over to kampar er bortimot ein sensasjon, seier han.

Kjetil Rekdal

Trenar Kjetil Rekdal ser at det er mogleg å slå Alkmaar. Men det vil vere stort for både Aalesund og norsk fotball om Aalesund klarer ein samanlagtsiger over to kampar, seier han.

Foto: Anne-Bente Skjellum / NRK

Aalesund er no berre to kampar unna ein historisk plass til gruppespelet i Europaligaen. Det er berre eitt lag som må overvinnast først. Det er nederlandske AZ Alkmaar. Aalesund har heimekamp i morgon 18. august med kampstart klokka 19.00.

Korleis trur du det går i denne kampen? Skriv dine vurderingar i kommentarfeltet under artikkelen.

– AZ Alkmaar er eit velspelande, godt fotballag med stort tempo. Deis pelar typisk nederlandsk. Dei som har sett landslaget veit kva dette betyr, dei spelar med to typiske vingar og ein spiss, og dei likar å ha ballen mykje i laget, seier trenar Kjetil Rekdal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vi er sterkare fysisk

Kjetil Rekdal har derimot studert den nederlandske motstandaren. Og han meiner han har funne område der dei nederlandske gjestene er svakare enn Aalesund.

– Vi er sterkare fysisk enn dei. Vi kan også ta dei på dødballar. Av og til opptrer dei ustrukturert. Eg ser mulegheiter. Men eg tippar at vi kjem til å bli utfordra først. Og så må vi svare på det dei gjer, seier Rekdal.

– Kva er det verste som kan skje i morgon?

Det er å bli rundspelt og tape kampen. Det vil vere kjedeleg om vi ikkje får til noko som helst. Eg trur ikkje det skjer. Men får vi til ein jamn kamp og siger til oss, vil det vere gigantisk, seier Rekdal.

– Inga bombe om vi slår Alkmaar heime

Kjetil Rekdal seier at det ikkje er noka bombe om Aalesund slår Alkmaar i Ålesund. Men det skal spelast to kampar, og ein samanlagtsiger vil vere ein svært stor prestasjon, seier han.

– Vi skal spele ein returkamp. Det vil vere stort både for Aalesund og for norsk fotball totalt om vi slår Alkmaar samanlagt etter to kampar, seier Rekdal.

– Kva er realistisk å håpe på?

– Eg trur det er 30–35 prosents sjanse for at vi slår Alkmaar i morgon. Deretter har vi 15–20 prosent sjanse for å vinne samanlagt. Heime spelar vi med eit entusiastisk heimepublikum i ryggen. Vi har akkurat gjennomført ein god kamp mot Rosenborg. Det sev oss sjølvtillit. Alkmaar er betre enn Rosenborg, men det er mogleg å slå dei, seier Rekdal.

– Den beste oppkøyringa vi kunne få

Kjetil Rekdal meiner det ikkje er noko problem at Aalesund nettopp har gjennomført ein hard kamp mot Rosenborg. Tvert om kan Aalesund dra med seg nyttige erfaringar frå Rosenborgkampen inn i Europaliga-kvalifisering.

– Vi har henta inn sjølvtillit og tru på oss sjølve. Vi kan slå dei beste laga. Kampen gav oss god erfaring. Det var den beste oppkøyringa vi kunne få, seier Rekdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL