Hopp til innhold

Klare for Neath FC - AaFK i Wales

Klokka 20 startar AaFK sin avgjerande returkamp mot walisiske Neath FC i kvalifiseringa til Europaligaen. For supporterane er festen alt i gang.

AaFK-supportere før Neath FC - AaFK

AaFK-supporterar varmar opp før kampen på ein lokal pub i Neath.

Foto: Øyvind Vebenstad/AaFK

Tidlegare i dag trente AaFK på bana "The Gnoll" der oppgjeret skal spelast i kveld. "The Gnoll" er også heimebana til rugbylaget i byen, Neath RFC, og har plass til 5000 tilskodarar. I ettermiddag viste Neath seg frå si gode side med 22 grader og sol.

Sjarmerande

Øyvind Vebenstad

Øyvind Vebenstad ser fram til kampen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Øyvind Vebenstad i AaFK seier på telefon frå Wales i ettermiddag at han ser fram til ein forrykande kamp i kveld på "The Gnoll" som han kallar eit sjarmerande, typisk britisk stadion.

–Vi ser fram til å sette vårt preg på "The Gnoll", seier Vebenstad, som har god tru på at dei skal kome seg vidare i kveld.

Eventyr

–Skal vi ut i Europa må vi gjere ein god figur i kveld, seier Vebenstad. Han kallar AaFK sitt avansement mot Europa for eit eventyr og kvantesteg for klubben som for andre året på rad no prøvar seg på Europaligaen.

Då AaFK møtte Neath FC sist var det på heimebane i Ålesund, der Aalesund vann med solide 4–1. Returkampen i kveld er avgjerande med tanke på vidare avansement til andre kvalifiseringsrunden i Europaligaen.

Vil ikkje tippe resultat

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal tek ikkje siger for gitt i Wales.

Foto: Arne Flatin / NRK

Trass i heimesigeren sist, seier AaFK-trenar Kjetil Rekdal at han ikkje tek noko for gitt før kampen er over. Vebenstad er sikker på eit godt resultat, men vil ikkje tippe. Det gjer han aldri.

–Det som er fantastisk med fotball er at resultatet aldri er gitt på førehand. Elles ville det vore utruleg kjedeleg.

Beundrar supporteranesupportarane

Vebenstad fortel i ettermiddag ar det alt er eit par hundre AaFK-supporterar på veg til Wales.

–Vi er stumme av beundring over den støtta og entusiasmen mange viser klubben, seier Vebenstad.

NRK vil oppdatere ein artikkel om kampen frå klokka 20.

The Gnoll

AaFK møter Neath FC på bana 'The Gnoll' i kveld.

Foto: Welsh FA

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL