Hopp til innhold

- Såg fleire skadde og mykje blod

Torgeir Dypvik (39) kom rett bak ulykkesbussen i Valldal laurdag ettermiddag. Han skjønte umiddelbart at det var svært alvorleg.

Torgeir Dypvik

Torgeir Dypvik seier folk var i ferd med å krype ut av bussen då han kom fram, rett etter den dramatiske bussulykka.

Foto: Rune Hustad

39-åringen frå Sula utanfor Ålesund var på biltur med kona og dottera på 1 år, då han brått blei vitne til den dramatiske bussulykka i Valldal i Norddal kommune. Han seier han kom som bil nummer fem eller seks etter bussen.

Eg skjønte med ein gong at det var dramatisk då eg såg bussen låg på taket med godt nedtrykt tak. Folk hadde begynt å krype ut av bussen, og det var fleire skadde og mykje blod overalt, seier Torgeir Dypvik.

Les også:

Seks helikopter

Norddal kommune har no oppretta krisemottak i bygda etter at ein person er stadfesta omkomen og tre alvorleg skadde etter den dramatiske bussvelten.

Ifølgje Dypvik har fleire helikopter vore i sving for å frakta alvorleg skadde frå staden, så langt har han observert seks helikopter fortel han.

No står Sea Kingen klar til å lette og ambulansehelikopteret står klar til å lande, seier han.

Han trur alle er ute frå bussen klokka 18.30.

Set tankane i sving

39-åringen har aldri før vore involvert i ei såpass alvorleg ulykke, og seier han truleg kjem til å gjere seg sine tankar i ettertid.

Det er lite kjekt, det er ikkje gøy i det heile tatt, men eg trur det går bra for min del, seier han.

Norddal kommune har no oppretta krisemottak for dei passasjerane som ikkje er sende til sjukehus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL