Dagfinn Ripnes (H) trur likevel det vil gå lang tid før sunnmøringane greier å samle seg, men synes det er interessante tankar som er lansert på Sunnmøre.
Onsdag denne veka vart det kjent at kommunane på Sunnmøre vurderer samanslåing til ein storkommune.
Dersom dette vert ein realitet, får denne kommunen aleine halvparten av innbyggarane i Møre og Romsdal, dersom fylket overlever.
Kristiansunds-ordføraren kallar det eit spenstig innspel, men trur likevel ein slik prosess kan ta veldig lang tid.