Steinsnuingsnemda i Vanylven foreslo for to veker sidan å legge ned trinnet for å spare pengar.
Ordførar Jan Helgøy
Åram krins blei overført frå Sande til Vanylven for tre år sidan, og då var lovnaden at Vanylven skulle bevare skulen.
Ordførar Jan Helgøy seier det er ein av grunnane til formannskapet sitt vedtak.
Foreldrerepresentant ved skulen, Lisa Karin Molvik, sa til NRK i førre veke at ho var sjokkert over at kommunen ikkje orienterte foreldra om at ungdomstrinnet ved skulen stod i fare for å bli lagt ned.
No er ho letta over at ungdommane truleg slepp å pendle til Syvde og dermed få ein svært lang skuleveg.
Ho er glad for at engasjementet til foreldra har ført fram, men likar ikkje korleis kommunen har handtert saka.
- Trass alt nyttar det, men det er dumt at ein må "hisse seg opp" før ein blir høyrt, seier Molvik.