Hopp til innhold

Michael Barrantes rosar støtteapparatet i Aalesund

Fotballspelaren Michael Barrantes rosar støtteapparatet til Aalesunds fotballklubb. Det er laga eit eige opplegg for at utanlandske spelarar skal trivast i sunnmørsbyen.

Michael Barrantes

Michael Barrantes var gjest i studio i ettermiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal tysdag.

Foto: Terje Reite / NRK

Aalesunds fotballklubb har lagt stor vekt på å få dei utanlandske fotballspelarane til å trivast både på og utanfor bana. I dette arbeidet kjøper dei no tenester i organisasjonen INN.

– Støtteapparatet hjelper oss på alle moglege måtar, og eg og familien har funne oss godt til rette på alle moglege måtar, seier Barrantes.

Hjelper heile familien

Organisasjonen INN blir støtta av både Møre og Romsdal fylkeskommune og fleire kommunar. INN Ålesund er støtta av Aalesunds handelskammier og det er tilsvarande organisasjonar i Molde og Kristiansund. Svært mange frå utlandet har fått hjelp, ikkje minst til å få eit godt liv utanom arbeidsplassen.

Marit Teigen Myrstad

Marit Teigen Myrstad er med på å tilrettelegge tilhøva gjennom organisasjonen INN.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er veldig avgjerande. Vi tek oss av mange aspekt ved det å kome til Ålesund og Noreg. Fotballklubben klarer å ta seg av fotballspelaren, men mange kjem jo med heile familien som treng tilrettelegging, seier Marit Teigen Myrstad som arbeider i tilretteleggingsorganisasjonen INN.

Mange utanlandske arbeidarar

Det er ikkje berre fotballklubbar som får hjelp frå organisasjonen INN. Også dei mange bedriftene i området har mange utlendingar.

– I regionen vår er det mykje utanlandsk arbeidskraft. Det er mange store bedrifter med mange frå utlandet. Vi jobbar i forhold til bedriftene, og i dette tilfellet Aalesunds fotballklubb. Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund, Kristiansund og Molde er med i dette prosjektet, seier Myrstad.

– Trives veldig godt

Michael Barrantes kom til Ålesund då det var lov å kjøpe og selge fotballspelarar i sommar. Han trong nokre kampar før han slo til for fullt. I dei siste kampane har han blomstra.

– Eg trives veldig godt. Både med laget eg har kome til og i den vesle byen Ålesund, der eg no skal bu for ein periode. Spelarane på laget er kjekke karar, og vi har det godt i lag og dreg godt saman som fotballag, seier Michael Barrantes. Det er mange nye folk å forhalde meg til, men eg tykkjer det har gått bra, seier han.

Ettermiddagssendinga

Sissel Brunstad var programleiar i ettermiddagssendinga.

Foto: Terje Reite / NRK

Kultur og innesko

Det er mykje som er nytt og rart for ein utlending som kjem til Noreg. Organisasjonen INN meiner det er viktig å gje utlendingane ein god start.

– Vi hjelper med praktiske ting, vi hjelper til med å byggje nettverk og vi gir informasjon om tilhøva i området. Det handlar om alt frå å gje dei ein god start til å gje informasjon om Ålesund og Sunnmøre, Noreg og kultur. Berre eit tema som innesko er spesielt for mange som kjem, seier Teigen Myrstad.

– Rekdal har latino-temperament

Om mykje er nytt og framandt i Noreg, har han funne noko han kan kjenne seg att i. Nemleg temperamentet til trenar Kjetil Rekdal. Han ser mykje latinsk i den nye trenaren sin.

– Ja, Rekdal har omtrent eit latinsk temperament. Og det er veldig bra at Kjetil Rekdal har eit slikt temperament. Det minner meg om det latinske temperamentet, og det er veldig lett å forstå kva Kjetil Rekdal meiner, når han brukar kjenslene sine som han gjer, seier Barrantes. Kjetil Rekdal er ein flott fyr, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL