Hopp til innhold

- Ganske sterkt å skulde nokon for å lyge

Leiaren i Møre bispedømme, Modulf Aukan, meiner prosten på Ytre Nordmøre skuldar meiningsmotstandarar for løgn. Det likar han dårleg.

Modulf Aukan

Leiaren i Møre bispedømmeråd, Modulf Aukan, likar dårleg det prosten på Ytre Nordmøre sa frå talarstolen i Kristiansund nyttårsaftan.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

Det var nyttårsaftan prost Gerd Anne Aarset gjekk på talarstolen framfor tusenvis av frammøtte under det årlege fakkeltoget i Kristiansund. Der tok ho bladet frå munnen og skildra ein prosess der ho meiner det har foregått ting som ikkje tåler dagens lys.

– Det åttande bod: du skal ikkje lyge, er ikkje gått ut på dato, sa ho frå talarstolen.

Då hadde ho først skildra sjukehusprosessen, og etterlyst sanning, orden og tillitsskapande forhold etter at det rett før jul blei bestemt at det nye sjukehuset skal byggjast i Molde. Avgjerda har vekt sterke reaksjonar på grunn av påstandane om press og korrupsjon.

– Ganske sterkt

Utsegna vekkjer ikkje gehør hos leiaren i Møre bispedømmeråd, Modulf Aukan. Han meiner prosten på denne måten skuldar meiningsmotstandarane sine for løgn.

Det at ein prest minner om det åttande bud, er greit, men å antyde eller skulde nokon for å lyge i den offentlege debatt, syns eg er gansk sterkt.

– Kor spesielt er det at ein prost seier noko slikt?

– Eg er ikkje glad for det. Alt skal fungere i ettertid, då må ein stå for det ein seier, enten ein er prest eller politikar, seier Aukan.

Tusenvis av frammøtte

Det var tusenvis av frammøtte som høyrde prosten sin engasjerte appell nyttårsaftan. For femtande gong stilte kristiansundsinnbyggjarane opp til fakkeltog frå Kongens Plass til Varden. Under arrangementet sa Aarset mellom anna:

«Dersom vi skal ha tillit til våre styringssystemer, må disse være opne og ærlige. Vi kan ikke sitte med inntrykk av at her har noe foregått, som ikke tåler dagens lys. Vi vil ha sannhet, orden og tillitsskapende forhold i vårt politiske liv. Det åttende bud: du skal ikke lyve, er ikke gått ut på dato! »

Meiner ho må få seie frå

Sjølv avviser prosten at ho har gjort noko gale, og seier at ho må ha lov til å seie frå.

– Folk på Nordmøre er så innmari oppgitte og frustrerte over måten dette har foregått på. Eg opplever som prest og prost å ha eit omsorgsansvar for dei som er medlemer i kyrkja. Når dei har det vanskeleg og vondt, vil eg ha lov til å seie frå. For det likar eg svært dårleg, seier Aarset til NRK.

Biskopen visste ingenting

Biskop Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme seier ho ikkje ville uttrykt seg slik prosten gjorde.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Biskop Ingeborg Midttømme var ikkje kjent med innhaldet i appellen på førehand. Ho blei først klar over saka etter å ha blitt oppringt av NRK fredag, og har i løpet av dagen snakka med Aarset om saka. Ho seier at ho sjølv ikkje ville uttrykt seg slik prosten på Ytre Nordmøre gjorde, men understrekar at prostane har stor fridom til å seie og gjere som dei vil.

– Eg oppfattar ikkje at Aarset indirekte skuldar nokon for å lyge, men at ho er oppteken av å skape ro og tryggleik for alle som opplever dette som forferdeleg skuffande, seier Midttømme.

– Så sjølv om ho viser til det åttande bodet, meiner du ikkje at ho indirekte skuldar nokon for å lyge?

– Det er veldig vanskeleg å kommentere eit lausrive sitat, men slik eg oppfattar telefonsamtalen med henne i dag, skuldar ho ingen for å lyge, seier biskopen.

– Viktig å famne alle

Midttømme understrekar at det er problematisk å ta stilling i lokaliseringsdebattar. Ho viser til då ho sjølv var prest i Nord-Noreg for fleire år sidan, og folk boikotta gudstenestene på grunn av synet til politikar-ektemannen hennar.

– Når vi brukar veldig tydelege ord, vil nokre oppleve seg veldig sett og møtt, og andre vil oppleve det motsette. Det er viktig at vi som kyrkje evnar å famne alle, og at kyrkja ikkje blir ein arena forbunde med konflikt, slår Midttømme fast.

Tema i Molde neste helg

10. januar samlar biskopen alle tilsette, bispedømmerådsmedlemer og samarbeidspartnarar til nyttårsmottaking i Molde domkirke. Leiaren i bispedømmerådet er sikker på at talen til prosten på Ytre Nordmøre blir tema i pausane.

– Det er ikkje vår oppgåve i bispedømmerådet å drive læretukt av noko slag, men appellen blir heilt sikkert omsnakka der, seier Modulf Aukan.