Hopp til innhold

- Dropp dei gamle styremedlemene

- Styret i Helse Møre og Romsdal må starte med blanke ark, meiner Ap-veteran Harald Stokke.

Harald Stokke

- START PÅ NYTT: - Dei som sat i styret i Helse Nordmøre og Romsdal må ikkje få vere med vidare, meiner Ap-veteran Harald Stokke frå Kristiansund.

Foto: Roar Strøm/NRK Møre og Romsdal

- Eg trur ikkje det er rett at dei får halde fram, seier Harald Stokke.

Dermed meiner Stokke at fungerande leiar John Harry Kvalshaug i Helse Nordmøre og Romsdal ikkje bør få vere med vidare.

- Han har ryggsekk

- Eg trur han har ein ryggsekk på seg i samband med det han har vore med på å vedta tidlegare, som eg ikkje liker så godt, fortel han.

- Eg syns at det nye styret bør starte med blanke ark, utan å ha med dei vedtaka som er gjort, og få gjort opp si eiga vurdering, seier han.

Bør legge striden død

Grunnen har ikkje noko med personen Kvalshaug å gjere, seier Stokke, og legg til at han vil ha eit styre med blanke ark når dei no skal styre heile fylket. Dermed må dei omstridde vedtaka som har vore gjort få ligge.

- Der er, og har vore, ein strid i Helse Nordmøre og Romsdal. Den bør me ikkje ta med oss inn i det nye helseføretaket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL