Hopp til innhold

- Dette er stort

- Dette er noko av det største som har skjedd i Møre og Romsdal, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Fylkesmann Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm er nøytral tilskodar under cupfinalen, noko skjerfet hans vitnar om.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fylkesmann Lodve Solholm er stolt av det som skjer i Oslo cupfinalehelga.

- Vi eig Oslo no

Fylkesmannen er på plass i hovudstaden og synest at stemninga har vore svært god. Solholm skryt av dei to laga sine supporterar.

- Det eg har sett i dag er ei forbrødring som er heilt utruleg. Eg har ikkje sett ei einaste ufin episode. MFK- og AaFK- supporterane har gått godt ilag. Det er vi som eig Oslo no, seier han.

Solholm trur den fine stemninga kjem til å halde seg gjennom helga.

Todelt skjerf

Lodve Solholm er ein av dei få som er i Oslo og er nøytral. Det vitnar også skjerfet han har rundt halsen om. På eine sida er Molde og på andre sida er Aalesunds Fotballklubb. Skjerfet er ikkje spesiallaga for Solholm.

- Eg skulle eigentleg ut og kjøpe meg eitt AaFK- og eitt MFK-skjerf. Men då eg kom ut frå hotellet i dag tidleg var det ein ålesundar som sa at eg burde ha dette skjerfet. Og det passar bra at det er delt i to når eg skal vere nøytral.

- Viktig for fotballen

At begge laga frå Møre og Romsdal i Eliteserien kvalifiserer seg til finalen vil gi ein ny giv for fotballen i fylket trur Solholm. Han meiner cupfinalen i år vil gjere at det er to klubbar i fylket dei unge kan identifisere seg med og ønske å spele for i framtida.

- Eg sa ein gong at det er eit paradoks at det er fleire sunnmøringar som spelar for Lillestrøm enn på AaFK. No kan vi snu det her slik at dette vil sette endå større fart i fotballen i fylket, og det gledar eit gammalt fotballhjarte, seier han.

Solholm var på juniorkrinslaget i 1967 seniorkrinslaget på byrjinga av 70-talet i Romsdal.