Hopp til innhold

Kuppar Oslo-helga

Medan Sunnmøringar og Romsdalingar framleis strøymer til hovudstaden, er vorspielet begynt. Oslo er farga blåkvit og oransjeblå!

Detl ljomar i Molde-songar på Youngstorget, og du er ikkje i tvil om at Aalesund er i cupfinalen når du spaserer langs Spikersuppa.

Cup - radio og nett

Spikersuppa og Youngstorget

Spaserer du i Spikersuppa kan du lett utrope Aalesund til festvinnar. Men legg du vegen bort Torggata og kjem til Youngstorget ser du at Molde slett ikkje ligg tilbake for sunnmøringane. Medan Aalesund satsar på Saras telt, Smuget og Rockefeller har Molde reist eit gedigent telt på Youngstorget.

Fansen er på vei

Cup-vertar

"Cup er cup"

- Aalesund vinn

Vi startar turen frå Slottsbakken og går nedover mot Spikersuppa. På høgde med Universitetsplassen treff to to karar, i Aalesunds-regnty og med Aalesunds-paraplyar. Dei er ikkje i tvil om kven som vinn.

- Aalesund så klart. Dei vinn cupfinalen og resultatet blir 2-1. Til Aalesund, altså, seier Bjørn Oskar Kløvning og Egil Larsen.

Aalesundstrubadurar

Det so møter oss lenger nede langs Karl Johan er ikkje til å ta feil av. Det ljomar i Aalesundssangar og poplåtar som har fått klart ålesundsk preg. Saras telt er oransje

- Det er klart at Aalesund vinn. Det blir 2-1 til Aalesund istemmer dei rundt bordet, alle frå familiane Kjerstad, Valbø og Eriksen.

Supportereffektar

Salgsbod Aalesund

Aalesund har salsbod ved Saras telt

Foto: NRK:Terje Reite

På ei helg som dette blir det selt supportereffektar for store summar. Og slik veret er i Oslo denne helga, har også regnty-kolleksjonen og paraplyane gått godt.

- Dette går strålande. Det har vore fullt kjør heile tida, seier Gunn Aardal ved salsdisken.

Kjempehelg

Vi forlet Spikersuppa og går Torggata mot Youngstorget. Og det er ikkje tilfeldig at det blir blåare og blåare dess lenger bortover gata vi kjem. Og lengst borte, på sjølve torget, høyrer vi musikken som slår imot oss. Lars Outzen og Anita Pedersen kjem i motsett retning.

Anita Pedersen Lars Outzen

Anita Pedersen og Lars Outzen.

Foto: NRK Terje Reite

- No har vi akkurat opna dørene, og slepper publkukum inn i teltet. Då er tida inne for at vi skal få oss litt mat, seier Lars Outzen i MFK. Dette blir ei kjempehelg med kjempestemning, seier han.

Blått skjerf høgt heva

Inn teltportalen kjem tre blå, med Molde-skjerfet stolt høgt heva. Dei er sikre på at Molde vinn, og det stort. Om det blir 3-1 eller 4-1 er dei ikkje heilt samde om, men at det blir noko i den retning er heilt sikkert.

Flemseter halås

Johannes Halås, Jone Halås og Hanne Flemseter

Foto: Terje Reite / NRK

- Aalesund får nok eit trøystemål, men Molde vinns stort, seier Hanne Flemsæter.

Dei har reist med Tornekrattet-bussen. Dei starta tidleg fredag morgon, og var nok litt trøytte ved avreise.

- Det var kanskje ikkje så mykje heiarop på bussen. Nokre sov ganske lenge. Men vi har mykje å gi, og stemninga er stigande, seier Hanne Flemsæter.